Daa har turen starta! No er vi i Kathmandu. Det klatrar apar paa husveggene, og det er eit yrande folkeliv i dei tronge gatene. I dag har vi vore i Durbar Square, som er ein del av Kathmandu med 31 hinduistiske tempel. Her valfarta hippiane, og det er no eit registert World Heritage Site. Det er litt tilfeldig naar stroem og internett fungerer her, saa det kan ga ein stund mellom kvar gong bloggen blir oppdatert.
I morgon startar vi paa den store fjellturen, og skal fly grytidlig om morgonen lenger nord i landet, til Lukla, der turen vaar skal starte fraa. Vi gleder oss til aa komme oss opp i fjella, og forhaapentligvis vil vaeret letne, slik at vi kjem oss opp til Everest Base Camp. Monsuntiden gaar mot slutten, saa vi har kanskje vore veldig heldig med timingen. Vi faar sjaa i morgon..
Det har vore nokre lange reisedagar, med 14 timers venting paa flyplassen i Dehli, men det var heilt fantastisk naar vi endeleg kom til Nepal!
lørdag 30. august 2008
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
1 kommentar:
Hey, så artig!! Korleis står det til?? Har dåke komt dåke på fjelltur? Antar "ja", dersom det ikkje kjem eit nytt blogginnlegg på 2 veker... ;)
Legg inn en kommentar