Daa var nesten tre veker i fjellandet Nepal over. I kveld reiser vi vidare til Kina, og vi kjem til Beijing i morgon foeremiddag. Det har vore nokre spanande, eksotiske veker her i Nepal!
Avreise utsatt
Vi hadde paa foerehand meld oss paa ein organisert trekking tur i nordaustlege delen av Nepal, i Everestregionen. Daa monsunen enno ikkje var over, vart turen utsett to dagar, og vi vart foerst nervose for at heilt turen maette avlysast.
Men saa kom gladmeldinga: vaeret hadde letna, slik at vi kunne fly til den vesle flystripa Lukla hogt oppe i fjella. Det var ein heilt fantastisk flytur, med utsikt over dei snoekledte fjella paa eine sida, og dei groene, groederike aasene med rismarker paa andre sida. Faktisk ligg 8 av verdas 10 hogaste fjell i Himalaya, og vi skulle faa oppleve nokre av desse majestetiske toppene paa naert hold. Men daa vi landa, fekk vi vite at vi hadde landa paa ei anna flystripe enn planlagt, daa skydekket likevel hadde vist seg aa vere for laagt.
Kva gjer ein daa i eit land som har saa bratte aaser at det ikkje finnes vegar, i eit land der hjulet var ein ukjent oppfinnelse paa landsbygda fram til midten av 1960talet? Ein gaar sjoelvsagt, og vi fekk to ekstra dagar med trekking i eit landskap som var heilt annleis enn vi hadde sett foere oss.
Jungel og igler
I tett, taakete jungel tok vi oss fram dei neste to dagane, og det vart mange hogdemeter tilsaman. Berre ein av dagane gjekk vi faktisk opp skraaninger a la Stoltzekleiven ( for dei som er kjende med turterrenget i Bergen), ned att 1600 hogdemeter, for saa aa ta til paa stigninga igjen. Ekstra action paa turen var naar vi oppdaga dei svarte, smaa dyra som var festa rundt leggene vaare: vi maette fjerne nokre blodigler i lopet av dagane.
Seremoni i klosteret
Etterkvart kom vi oss hogare opp i fjellet, og vegatasjonen vart gradvis tynnare. I assidene fekk vi sjaa baade fjellgeiter og yakokser, men dessverre ingen raude pandaer som eg var pa utkikk etter. Naar skyene letna, kunne vi sjaa dei grone aasene gaa over i bare, hoege snoedekte fjell, og for eit syn! Det er ikkje vanskeleg aa forstaa korleis folka her er blitt saa djupt religiose, og ser paa fjella som reinkarnasjonar av gudane. Og over fjellpass og djupe klofter heng det farga bonneflagg, som skal bringe boennene til gudene med vinden. Over nokre av bruene der vi kryssa elva kunne eg godt forstaa at dei hadde hengt opp bonneflagg til lykke paa reisa. Eg hadde til tider kjensla av aa vere med i Indiana Jones, der vi traverserte dei hoge stupa paa skroepelege bruer.
Vi klarte aa tilpasse oss hoegda, og maette ikkje oppleve aa verte hogdesjuke. Paa nesten 4000 meter overnatta vi naer Tengboche kloster. Og vi var spesielt heldige som fekk oververe ein spesiell haustseremoni, der munkene i klosteret brukte ulike instrument og messa buddhistiske mantraer i kor. Det vart ein ubeskriveleg stemning i det rikt dekorerte rommet, og vi vart fylte med ein heilt spesiell ro. Morgonen etter letna dei siste skyene, og Mt. Everest trona i morgonlyset som det vakraste fjellet i verda.
Naedde 4400 meter
Vi hadde som mael aa naa Mt.Everest Base Camp, der fjellklatrarane som skal paa toppen har leir om vaaren, naar klatresesongen har starta. Dessverre fekk eg saa vondt i magen av vassparasitten Giardia, at vi maatte faa laane ein hest fraa nabolandsbyen slik at eg kom meg ned igjen til lege. Turen paa hesteryggen tok 8 timer, og det var eit adrenalinkick uten like aa ri ned bratte skraaninger, og passere svaere folger med nedlassa yakoser. Dagen etter maatte vi gaa 2 timer i motebakke for aa komme til det lokale sjukehuset. Slik er det aa verte sjuk paa landsbygda i Nepal, det er lang veg til kyndig hjelp.
Heldigvis fekk vi rette hjelpa, for dei andre jentene hadde ogsaa vorte sjuke paa reisa. Etter eit par avslappande dagar i Namche Bazaar, ein fjellandsby paa grensa mot Tibet, var vi klare for tilbaketuren. Her besokte vi baade det lokale Sherpamuseet og eit nonnekloster, og fekk oppleve laurdagsmarknaden, der friske varer kom fra dalane til folket i fjellene.
Kina neste
I kveld reiser vi vidare til Kina. Vi har hatt det fantastisk i Nepal, folket her er saa venlege og stolte over landet sitt, og vi har berre blitt motte med smil og Namaste, som er helsinga deira. Natur som kan ta pusten fraa ein, og fargerike, religiose monument overalt, kan eg addere til lista over ting eg kjem til aa hugse med Nepal, ein av verdas yngste republikkar. Absolutt verdt eit besok for alle som vil oppleve ei anna verden!
mandag 15. september 2008
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
4 kommentarer:
Aaaa... om ein vert spirituell av å oppleva fjella og naturen i Nepal veit eg ikkje (sidan eg aldri har vore der)... Men eg blir ihvertfall frelst av å lesa blogginnlegget ditt, Margunn!! Det høyres heilt vidunderleg ut!!! God tur til Kina!! :-D
Tøffing! Ha en fortsatt super tur! Vi gleder oss til å lese mere etter hvert :-) Klem fra Anne Kristine & co
i wish i spoke and read norwegian! this is inspiration to learn.
i hope your travels are going smoothly and that you're having the time of your life!
lots of love,
sacha
Ville vakre Margunn!!! ;-)
Legg inn en kommentar