fredag 19. september 2008

I Midtens Rike

Daa har vi kommet til Kina! Landet eg har droymd om sidan eg var liten! Og for ein overgang det var aa komme fraa dei trange, overfylte gatene i Katmandu - der dei heilage kyrne tar like stor del av vegen som bilene og dei overfylte mopedene - til Beijing! Her er det 8 felts vegar, gigantiske bygninger overalt, og alt er nyoppussa og blankpolert til den store OL festen. Det er eit heilt genialt tidspunkt aa komme hit rett etter OL. Overalt er det reint og ryddig, og tilrettelagt for store mengder turister med nye skilt paa engelsk. Tilogmed drosjesjaafoerene har gaatt paa engelskkurs for aa kunne ta godt i mot oss her i Beijing.

Keisarpalassa
Vi har vore ordentlege turistar desse dagane vi har vore i Beijing. Vi har gjenopplevd den storslaatte keisartida ved aa besoke Den Forbudte By, Himmeltempelet og Sommerpalasset. Med enorme palass, gigantiske hager, og fantastiske historier om keisarar som har hatt opptil 10 000 konkubiner i sine harem, har vi faatt eit imponerande inntrykk av kor storslaatt alt var under Ming og Qing dynastia (ca. 1400-1900). Det er fantastisk at dette har overlevd kulturrevolusjonen, for elles er det lite igjen av den gamle arkitekturen, med templer og pagoder. Resten av byen er no enorme skyskrapere og arkitektoniske nyskapingar i betong og glass. Heldigvis bor vi i ein av dei originale hutongene, som er ei trong sidegate. Her er det sjolv etter sola har gaatt ned, eit yrande folkeliv, med gamle menn som speler Mahjongh, og heile familier som spiser middag paa gata. Det gjev ein herleg, heimekoseleg stemning, samstundes som det gjev opplevinga av aa vere i Kina.

Paa sykkel i Beijing
Elles har vi nynna paa "There are 9 million bicycles in Beijing" og leid oss sykkel for aa vere ein del av massen. Det var ein heilt fantastisk maate aa sjaa store deler av Beijing paa!Men vi undervurderte avstanden til maalet vaart, og naar eit par timer paa sykkelsetet berre utgjorde eit par centimeter paa kartet, maatte vi dessverre ty til drosje dei siste mila.
Vi hadde haapa paa aa faa med oss avslutningsseremonien til Paralympics, men det var sjolvsagt utsolgt for lenge sidan. Og naar vi daa vona at det skulle vere opent for ein sightseeingrunde i Fugleredet og ein svoemmetur i Vannkuben, maatte vi igjen innsjaa at det var ein altfor optimistisk tanke. Men vi kan iallefall seie at vi har vore paa OLomraadet, vi har bilete av oss utenfor!

Kinesisk kultur
Det har vore fullt program fraa foerste stund her. Eine kvelden maatte vi faa med oss "Peking Opera," som er Kinas versjon av opera, med baade akrobatikk, fargerike kostymer, musikk og kungfu som element. Ei herlig blanding av effekter, og morosamt aa ha opplevd. Endaa storre inntrykk gjorde imidlertid akrobatshowet, som var ein show som fekk oss til aa maatte revurdere vare anatomi og fysiologikunnskapar. Dei var berre heilt fantastiske!
Skal ein foerst faa eit godt bilete paa eit lands kultur, er matkulturen gjerne det viktigste elementet. Og det er verkeleg meir spanande og variert mat enn vi kunne tenke oss fraa dei kinesiske restaurantene heime. Vi har enno ikkje vore spenstige nok og bestilt tarmer og nyrer og saann, men eg tenker at det kjem seg naar vi kjem til landsbygda der menyene ikkje lenger har ein engelsk versjon..

Den Store Muren
Som sagt er alt stort her, og den store utflukten vaar i dag vart Den Store Muren. Vi valgte ein "hemmeleg" del slik at vi unngjekk dei store turistkoene, og det var ein suksess. Med utsikt over dei bolgende, groene aasene i det fjerne, kunne vi fraa forta langs muren sjaa for oss korleis barbarene kom fraa nord for aa trenge inn i Midtens Rike. Det var stilig.

5 kommentarer:

Kjersti sa...

Margunn!! Du må kjøpa deilig grøn te i Kina!! :-)

Kjersti sa...

Everybody let's Kung Fu fighting!! HAH!! chicka cha!!

Kjersti sa...

No har vi sett Kung Fu Panda!! :-) Den var veldig bra! Då tenkte vi på deg, som har hatt din egen Dragon Warrior opplæring!! Trente dåke i eit slikt tempel oppi fjella?? *SMASK*

Kjersti sa...

.... men no må du snart legga ut eit blogginnlegg til... slik at eg kan spre kommentarane litt... hehe!! snart står det jo meir kjersti enn margunn her.. ;o)

toresyverinsen.blogspot.no sa...

Hei Mari.

Følger med deg på din fantastiske tur. Gøy å lese om alt dere opplever. Tenker på deg!!

Masse klemmer fra Randi og Tore!