søndag 26. oktober 2008

Sol og sommar i Vietnam

Daa har vi vore to veker i Vietnam. Det har vore to fantastisk herlege veker med sol og sommer, sand og sjoe. Vi hadde ei overnatting i Ho Chi Mihn byen (ogsaa kjend som Saigon,) foer vi sette kursen mot kystbyen Nha Trang. Her vart aarets finale i Miss Universe held, og vi kunne godt forstaa kvifor akkurat denne byen vart vald. Milelange sandstrender, palmealleer og blaatt hav, vi hadde kome til paradis.

Snorkling og fisking
Her skulle det bli godt aa slappe av og finne roen etter ein maanad paa reise gjennom Kina. La nye inntrykk synke inn, og nyte sol og varme. Det tok omlag to dager paa solsengene foer neste bok var lest ut, og rastloesheita kom snikande. Kva var det aa oppleve her, eigentleg? Utanfor kysten her var det mange vakre oyer. Mun Island var eit eldorado for snorkling. Med 350 ulike korallar og fiskearter, var verkeleg som aa svomme i eit akvarium! Paa nabooya kom dei lokale fiskarane inn med dagens fangst, og vi kunne plukke ut kva fisk vi ville ha grilla til lunsj. Stort ferskare kan ein vel ikkje faa fisken! Eine kvelden var vi med ut paa nattfiske, men fekk berre eit par smaa akvariefisk paa kroken. Det var likevel ein av dei mest stemningfulle kveldane. Daa vi tok nattbad i stummande morkre, lyste heile sjoen opp der vi laga krumninger i vatnet. Eg hadde aldri opplevd morild foer, det var ubeskriveleg vakkert.

..og dykking
Det er gaatt nokre aar sidan eg dykka sist, men etter eit oppfriskningsdykk, var eg og Hanne klare for aa utforske korallreva med oksygenkolben paa ryggen. Det er stilig korleis raudfargen blir absorbert naar ein gaar djupare, sjoestjernene vert kongeblaa, og alt faar andre fargar. Vi saag mange toffe fisk, baade med og utan piggar, med utspilte vingar, eller i ferd med aa grave seg ned, sloss, eller jakte paa anna fisk, fisk i alle fargane i regnbogen. Og den totale stillheita som ein opplever under vatn, blir berre brutt av den mediterande, hoglydte pustinga.

Vi dro paa baattur til mange av oyane utanfor Nha Trang. Paa eine oya hadde dei strutse- og daadyrfarm. Kvifor dei hadde starta med import av struts fraa Zimbambwe, fekk eg ikkje svar paa, men det var tydelegvis ein turistattraksjon. Paa andre oya var det orkidehage og dragefruktplantasje. Dragefrukt er ein sjolvlysande, rosa frukt med pigger, som ein kan lage fantastisk god milkshake av. Det hadde vore morosamt aa rekne ut kor mange liter fruktshake vi har drukke desse vekene i Vietnam. Mango, papaya, dragefrukt, ananas, bananer, pasjonsfrukt, vi har verkeleg kome til frukthimmelen.
Ei anna oy var kalla Apeoya, og her lever det meir enn 1000 aper. Dei klatra og hoppa overalt, og vi maatte halde godt paa tingene vaare, for apene var nokre slue tjuvar.

Det er deilig aa kunne vere livsnytar paa heiltid. Lange joggeturer langs stranda i raude soloppgangar. Nyte deilig sjoemat og kald kvitvin i brennande solnedgangar. Hoyre bolgene slaa mot land, vinden rasle i palmebladane, og ta kveldsbadet i lyset fraa fullmaanen.

Vind og vannsport
Vi hadde ei perfekt ferieveke i Nha Trang, og vi fortsette reisa soerover for aa unngaa regntida i nord. Neste destinasjon vart Mui Ne, som er eit populaert sted for vindsport paa grunn av dei gode vindtilhova her. Vi valde aa laere oss vindsurfing. Aa handtere seglet og samtidig balansere paa brettet saag nok lettare ut enn det var. Foerste timen laag vi meir under brettet enn vi stod oppaa det. Men med litt oving, har vi blitt iallefall blitt litt flinkare.
Det er vanskeleg aa vindseile dei dagane det ikkje er rette vindtilhove, saa eine dagen vart vi frista til aa ta ein introduksjonstime i surfing. Og no gler vi oss til aa laere aa surfe paa ordentleg paa Costa Rica! Sjolv om bolgene var i minste laget, og vi maatte ha starthjelp av lokale bolgelagarar, var vi svaert nogde med at vi kom oss opp paa bretta, og fann balansen i boelgene.

Sightseeing paa sykkel
Vi har vore litt japanske turister her ogsaa, og knipsa hundrevis av bilete paa arrangerte utflukter. Utanfor byen ligg store sanddyner som raude og kvite orkener. Her var vi paa tur i ein militaerjeep, som saag ut som den nett saavidt hadde overlevd vietnamkrigen. Med motorstopp etter tredje svingen, var vi foerst i tvil om den ville klare heile turen. Paa mirakulost vis, kom vi oss, overraskande nok, heilt fram og tilbake.
Sykkelen eg laante igaar, var nok ogsaa fraa same tidsalder. Men ogsaa den utfoerte sin misjon, og eg hadde mange timars sightseeing paa veg til, og i, nabobyen Phan Thiet. Det er verkeleg ei oppleving aa vere ein del av det Vietnamesiske trafikkbiletet! Alle koyrer moped eller scooter, og ein har gjerne med heile familien paa same scooter. Og alle koeyrer etter "eg var her foerst" prinsippet. Dersom andre kjem i vegen, er det jo berre aa bruke floyta.
Eg var ikkje utstyrt med floyte, men det var like greit. Eg hadde meir enn nok med aa vere oppmerksam paa alt som skjedde rundt meg; unger som vinka og ropte Hello, brudepar som tok bilete paa stranda, boder langs vegen med ukjend og spanande mat, moetande trafikk med folk som transporterte alt fraa bilderammer til bygningsmateriale paa scootersetet, og overkoyrde slangar og rotter i vegbanen.

Sidan vi ikkje har reist saa mykje rundt i Vietnam som vi gjorde i Kina, har vi dessverre ikkje sett saa mykje av det ekte Vietnam. Paa bussturen fra Nha Trang til Mui Ne, fekk vi eit miniatyrbilete av Vietnam. Med vannbofler som ployde rismarkene, store fiskelandsbyer ved kysten, unger i blaa og kvit skuleuniform syklande paa veg til skulen, minnesmerke over Vietnamkrigen med ujevne mellomrom. Eg skulle gjerne hatt meir tid til aa oppleve Vietnam. Men i morgon reiser vi tilbake Ho Chi Mihn byen, og flyr derifraa til LA.
Daa er det ei ny reise: eit nytt kontinent, nytt spraak, nye smakar og nye opplevingar. Eg gler meg.

Ingen kommentarer: