Det vart ein lang flytur fraa Vietnam til USA. Naar vi kryssa datolinja kom vi faktisk fram foer vi hadde reist. Endeleg fekk doegeret meir enn 24 timer! Vi fekk tilogmed med oss eit bonusland paa vegen. Naar vi mellomlanda i Korea, rakk vi ein kjapp sightseeingtur til eit tempel, og fekk koreansk stempel i passet.
Vel framme i Los Angeles traff vi Siw, og reisefoelget vaart vart endeleg komplett. Vi nytta dagen til litt shopping i Santa Monica, og strolla Walk of Fame i Hollywood naar sola var gaatt ned.
Foerste moete med Sacha
Eg var utruleg spent naar eg satt meg paa toget fraa Los Angeles til San Diego for aa treffe Sacha, halvsoesteren min, for foerste gong. Men naar ho moette meg paa togstasjonen, var det paa ein maate som om vi kjente kvarandre fraa foer.
Det var mykje vi skulle rekke paa dei to dagane i SanDiego. Eg fekk treffe vennene hennar, og fekk sjaa huset der ho hadde vekse opp. Bestemora hennar og broren Quinn var tilfeldigvis ogsaa heime, saa eg fekk treffe dei ogsaa. Vi spiste lunsj paa stamkafeen hennar, og vandra langs standa ho praktisk talt hadde vekse opp paa. Saa mykje aa snakke om, saa spanande aa plutseleg faa ei ny soster.
Dei andre jentene kom med toget om kvelden, og daa fekk vi oppleve ekte amerikansk Halloween feiring. Nokre vennar av ho hadde invitert paa stor Halloweenfest, og vi kledde oss gledeleg ut.
I det koselege huset som ho deler med to venninner, ein hund og tre kattar, foelte vi oss straks som heime. Dag to vart det sightseeingtur i SanDiego, vi fekk sjaa universitetet der ho hadde studert "Political Science" i fire aar. Ho fann etterpaa ut at lov og rett ikkje var det ho ville jobbe med, saa no tar ho medisinske fag for aa byrje paa ein grad i medisin.
Vi var deretter paa ei anna fantastisk strand, og saag sjoeloever som laag og solte seg paa berga. Deilig middag paa restauranten der ho jobber vart ei fin avslutning paa besoeket, og saa var det avskjed paa togstasjonen. Ho har planar om aa komme paa besok til Noreg allereie i mai neste aar, saa dette vart berre Starten. Og for meg, hogdepunktet paa denne turen.
lørdag 15. november 2008
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar