lørdag 15. november 2008

Pura Vida paa Costa Rica

Paa Costa Rica nytter dei uttrykket Pura Vida om alt. Som hei og som ha det, som svar paa korleis det gaar og paa korleis livet er saann generelt. Etter to veker paa Costa Rica, kan ein godt forstaa kvifor dette er blitt det mest dekkande uttrykket for livet her. Ingenting haster, livet er her og no, og det skal nytast.

Flinke surfere, eller..
Dei foerste dagane her, budde vi i den vesle byen Jaco, paa Stillehavskysten. Her var boelgene perfekte for oss nybegynnere, og vi var kjempestolte over at vi kom oss opp paa brettet med ein gong. Etter kvitvannssurfing paa lange brett i nokre timar, provde vi oss tilogmed paa dei store bolgene der dei braut. Det var fantastisk artig, og vi storkoste oss i dei store boelgene!
Men denne byen var dessverre oydelagt av turismen. Med tydeleg kriminalitet og narkotikaproblem, var det ikkje stedet vi hadde lyst til aa vere, saa vi dro til den vesle perla Santa Teresa i staden for. Her fann vi dei nydelegaste strendene, og ein livsstil som meir tilsvarte vaare forventningar. Her har livsnytere kome fraa heile verda, og starta kunstkafear og elles det dei har droymd om. Naar bolgene er gode, er det berre aa stenge butikken og utnytte dagen.

Alternativ sightseeing
Dessverre var vi nok ikkje blitt saa gode til aa surfe som vi trudde, boelgene her vart for uryddige for oss. Saa etter nokre skuffande dagar med mykje motgang, maatte vi finne paa noko anna nytt og spanande som vi kunne proeve. Det vart ATV koyring (motorsykkel med fire hjul,)11 mil paa hullete grusvegar. Det finnes ikkje betre framkomstmiddel for sightseeing paa Costa Rica!
4 prosent av verdas biodiversitet finnes her paa Costa Rica, og det er alltid noko nytt aa faa oye paa om ein lofter blikket mot tretoppene. Foerste morgonen i Santa Teresa vart vi vekka av eit forferdeleg rabalder. Daa var det ein flokk med hyleaper (Howler monkeys) som brolte og skreik ute paa terassen. Vakre, raude papegoyer i trea, vaskebjorner i groftekantene, og iguaner og gekkoer paa veggene, gjer verkeleg folelsen av aa vere i eit land dekka av regnskog.
Vi hadde lyst til aa oppleve regnskogen ovenfra, og heiv oss med paa ein Canopytur. Det innebaerer at ein seiler fra tre til tre, festa i ein karabinkrok, paa ei line 60 meter over bakken. Og det gaar fort! Dersom ein har litt hogdeskrekk fraa foer, er dette verkeleg eit adrenalinkick!
Tortuga Island er rekna for aa vere den mest idylliske oya til Costa Rica, og vi fekk bekrefta at det godt kunne stemme. Etter baattur og snorkling der, og reggeakveld paa det lokale dansestedet, maatte vi igjen konstatere for oss sjoelve at vi maa vere dei heldigaste i heile verda som faar oppleve dette. Dette er Pura Vida.
Naar vi dei to siste dagane fekk surfelysten og meistringsgleda tilbake ogsaa, kan vi seie oss svaert nogde med vekene paa Costa Rica.

Ingen kommentarer: