onsdag 26. november 2008

Machu Picchu og jungelliv i Peru

Peru er eit fantastisk mangfaldig land. Langs kystlinja gaar den toerre oerkenen. Landet vert delt i vest og aust av dei mektige Andesfjella, med isbrear og 6000 meters toppar. I aust dekkar Amazonasjungelen omlag halve landets areal. Ved aa forflytte oss fraa kystbyen og hovudstaden Lima, til Cusco som ligg 34oo meter over havet, for tilslutt aa lande paa jungelflyplassen Puerto Maldonado i Amazonas, har vi faatt opplevd tre vidt forskjellige deler av Peru.

Lima
Lima er ein stor by, med nesten 9 millionar innbyggjarar. Vi likte storbyen med ein gong. Nydeleg aa vandre i dei store groenne parkane om dagen, og sjaa dei store kolonialbygningane og katedralane fraa storhetstida til Spanjolene, opplyste om kvelden. Sidan vi berre hadde halvanna doeger her foer "The Inca Journey" skulle starte, var vi ekte japanske turister, og hoppa paa ein citysightseeing buss. Vi saag ein by med store kontrastar; mykje stort og vakkert, men like mykje nedslitt, skittent og fattig. Peru har vore plaga av geriljakrig og uro i fleire tiaar, og det er ikkje foer no at turistindustrien har blitt eit viktig bidrag til ein okonomisk opptur for landet. Men dei fleste kjem ikkje til Peru for aa oppleve dagens hovudstad.

Machu Picchu og Incariket
Vi hadde paa foerehand meldt oss paa ein organisert tur til Cusco for aa oppleve den verkeleg store turistattraksjonen i Peru, nemleg Machu Picchu. Etter at denne godt bevarte landsbyen fraa Incarikets stordomstid har blitt opna for turister, har besoekstalet eksplodert. No er det strenge restriksjonar paa antal folk som faar vitje det kvar dag, og ventetida er ofte mange maanader.
Daa vi kom ut av flyet i Cusco, foelte vi verkeleg at vi hadde kome til det landet vi forbinder med Peru. Toerre, brune aaser, brune murhus og fargerike bygninger fraa kolonitida om kvarandre, folk i fargerike, vevde klede, og fjelluft i over 3000 meters hogde.
Her i fraa gaar tog og buss til Machu Picchu. Paa vegen hadde vi ei overnatting i den vesle turistlandsbyen, Aguas Calientes, som tyder Varme Kjelder. Namnet har den ikkje faatt heilt tilfeldig, for her i fjellsida kunne vi bade i naturleg oppvarma kjelder med mineralvatn. Deilig.

Grytidleg, foer sola var staatt opp, var vi paa veg til sjolve Machu Picchu. Eitt av dei verkelege hoegdepunka paa turen. Det var stort aa komme til toppen, og sjaa utover den massive ruinbyen som Incaene heldigvis hadde klart aa helde skjult for Spanjolene sine plyndringar paa 15oo talet. Etter ein spanande historietime om det mektige Incariket, gjekk vi opp paa nabofjellet, den runde toppen som alltid er i bakgrunnen paa postkort fraa dette 7.underverket. Her i fraa fekk vi godt oversikt over heile byen, og fjell og daler rundt. Vakkert.

Naar vi foerst var i Cusco, kunne vi ikkje motstaa freistinga; vi maatte vere med paa raftingtur! I elvevatn fraa isbreen, vart det ei kald oppleving, men vi hadde droemt om aa gjenta suksessen fraa turen vaar i Rondane i fjor sommar, daa vi fem jentene rafta i Sjoa. Og dette vart nok heller ikkje siste gongen med elverafting!

"Welcome to the Jungel"
Er det noko eg aldri kunne sett foere meg at eg skulle finne paa aa gjere, saa er det dette. Gaa musestille rundt i jungelen i stummende nattemoerke, for aa lyse etter insekt og krypdyr som jakter om natta. Lokke svaere, haarete taranteller ut av holene sine, og ete teremitter rett fraa tua. Lyse etter "Caymans," som er ein art i alligatorfamilien, i svarte natta, og mate pirajaer og sjaa etter anacondaer i smaa, skjulte vatn i den groenne, tette, tropiske regnskogen.
Men dette fekk vi altsaa vere med paa, og aldri har eg laert saa mykje paa berre eit par dagar! Vi hadde nokre fantastiske guider, foedt og oppvokste i jungelen, kunne dei svare paa alt vi lurte paa om flora og fauna, og livet i jungelen. Og det var ikkje lite. Vi var veldig heldige paa turane vaare, og fekk sjaa baade skilpaddar og Capaberaer (dei stoerste gnagarane) langs elvebreidda, smaa bambusrotter og enorme villsvin i jungelen, og store fjellsider med fargerike papegoyer.
I 35 grader og 100 prosent luftfuktighet i tett tropisk regnskog, var vi verkeleg saa langt fraa Noreg som vi kunne komme.
Eine kvelden skrudde vi av alle lykter, lot baaten drive stille nedover elva under ein uendeleg stjernehimmel, og vi lytta til det yrande livet i jungelen. Det var magisk.

1 kommentar:

Odd T sa...

Kjære Margunn! Du skriv så levande godt at vi ser for oss alt det spanande du og venene dine opplever. Vonar turen går fint vidare. Klem frå pappa og mamma som gler oss til du kjem heim att.